Nyheter  Fredag 18. mars 2022

Lyden av Oslo – ny festival for det frivillige musikklivet i byen!

21. mai 2022 arrangerer Oslo musikkråd for første gang ein festival der kor, korps, orkester og mindre grupper kan opptre saman - på taket av Oslo. No inviterer vi laga til å søke om plass på årets program.

Dronefoto Roseslottet

Lyden av Oslo er ein heilt ny musikkfestival for det frivillige musikklivet i byen som vil gå av stabelen 21. mai på Roseslottet ved Frognerseteren i Oslo.

Kva er Lyden av Oslo?
– Vi har lenge hatt et ønske om å finne ein arena som kan vise fram bredden og kvaliteten både i barne-og ungdomslaga og voksenlaga, fortel Veronica Seu Stokkmo i Oslo musikkråd.
– Vanlegvis øver laga fram mot sin eigen konsert, kvar på sin kant, der kanskje foreldre og vener kjem. Men denne festivalen samlar heile feltet til ei felles feiring, noko som er særleg viktig no etter pandemien når vi er så leie av det å ikkje kunne møtast fysisk.
– No må vi feire gleda over å skape musikkopplevingar saman igjen, få tilbake gnisten og spelegleda – rett og slett skru opp Lyden av Oslo!

Kva er programmet?
– Dagen er delt i to: På dagtid, frå 1200 til 1500, er det barne-og ungdomslaga som er i fokus. På kvelden, 18 til 21, er det vaksenlaga sin tur.
– På Roseslottet har vi to scener - på hovedscena får dei større ensembla som kor og orkester plass. Medan dei riggar om, kan publikum bevege seg bort til den mindre scena der solo-innslag og små akustiske grupper spelar.

– No må vi feire gleda over å skape musikkopplevingar saman igjen, få tilbake gnisten og spelegleda – rett og slett skru opp Lyden av Oslo!

Fra korfestivalen til Ung i Kor Oslo 2021

Fra korfestivalen til Ung i Kor Oslo 2021

Kven kan søke om plass på programmet?
– Alle musikklag kan søke; kor, korps, band, orkester, soloinnslag osv. Vi har sjølvsagt ikkje plass til alle, så vi må gjere eit utval for årets program.

Og publikum?
– Roseslottet er ope for alle som vil oppleve musikk i fantastiske omgjevnader. Billetten gir sjølvsagt også tilgang til den faste utstillinga med skulpturar og bilete av Vebjørn Sand, som jo også er initiativtakar til Roseslottet.

Kvifor har de valgt Roseslottet?
– For det første ligg jo Roseslottet på taket av byen, midt i naturen. Det har vore spennande å følge med på utviklinga av den arenaen, og dei har også erfaring med avvikling av liknande arrangement - mellom anna arrangerte Ung i kor Oslo sommersangdag der i fjor.

– Dessutan ligg det tett inntil offentleg kommunikasjon med T-bana som stoppar rett ved inngangen.

– Dette blir ei super sommaravslutning for feltet vårt med moglegheit for is og brus på dagtid - og bar på kveldstid for voksenlaga, avsluttar Veronica.

Send inn søknad innen 20. april (23:59)