Festivalen Lyden av Oslo trossa regnveret!
Til tross for at vergudane ikkje var med oss, så stilte tapre musikarar opp med sårbare instrument og fulle av speleglede og gjorde tidenes første Lyden av Oslo til ein strålande dag på Roseslottet laurdag 21. mai.

Ikkje mindre enn 118(!) deltakarar tok t-bana opp til Frognerseteren og Roseslottet. Og for eit mangfald av uttrykk! Barnekor, voksenkor, visetrio, rockeband, orkester og tradisjonsmusikk frå Ukraina, Serbia, Libanon og Syria.
– For ein dag! Det var heilt fantastisk!
Anders Wyller frå Oslo musikkråd var imponert over deltakarane på laurdag:
– Målet vårt var å etablere ein festival der vi viser frem bitar av den store musikkrikdommen byen vår rommar.
Og det fikk vi gjort til gangs på denne arenaen Roseslottet, utandørs med utsikt over heile byen og med naturen som bakteppe.
Vi håpar at Lyden av Oslo kan utvikle seg og bli eit fast høgdepunkt på våren i åra framover – og så skal vi bestille sol neste gong!
Tusen takk til alle sporty deltakarar, publikum og til Roseslottet!