Nyheter  Tirsdag 24. mai 2022

UKM-festival i fri utfalding!

Etter to pandemiutgåver var det endeleg UKM-festival i fri utfalding igjen. Over 120 deltok på todagersfestivalen på Salt scene i Bjørvika.

GRY 4535 kopi

Vi var jo ekstremt heldig med ver og oppmøte, gliser UKM Oslos Bård Fransson.

– Ein av fordelane med å vere på Salt er at folk kan stikke innom fordi dei høyrer at det skjer noko der, noko ein gjerne mister om ein "gøymer seg vekk" på ein skule.

UKM Oslos nyaste tilsette Bård Fransson og Magnus Nordbekk er ikkje fersikngar i UKM-samanheng, men var i år første gong festivalsjefar. Mor til Bård har jobba mykje med UKM gjennom oppveksten hans, og i tillegg har han vore deltakar mange gongar og som fagpanel. Magnus er også med å lage landsfestivalen i år, som er 24.-28. juni

Og publikum fekk store opplevingar på rekke og rad på årets fylkesfestival i Oslo:
– Det var veldig høgt nivå på innslaga i år, og mykje energi og alle hadde eit sterkt ønske om å levere.

Som del av helga fekk også deltakarane delta på workshops med improteater, redesign, foto og i tillegg eit program med scenesamtalar der deltakarane kunne stille spørsmål til inspirasjonar som artistane Ramon og Victoria Nadine.

– Det fekk vi gode tilbakemeldingar på. Eg trur ungdommane opplever at det er ekstra fint når inspirasjonane kjem til dei, fortel Bård.

Det var mange som deltok for første gong, og UKM var bevisste på å legge til rette og vere rause no etter pandemiåra. – Alle har jo blitt litt eldre gjennom desse to åra, så vi hadde ein deltakar som eigentleg var for gammal.

Og Bård ser ingen grunn til å forlate Salt neste år – det har verkeleg gitt ny giv til formatet.

– No gledar vi oss til å ta med ivrige og talentfulle ungdommar til Landsfestivalen i Stjørdal. Ein merkar no etter pandemien kor viktig det er å ha slike møtearenaer for ungdom!

Sjå nokre blinkskot frå festivalhelga, tekne av fotograf Ingrid Svelland:

GRY 4669
GRY 4641 kopi
GRY 4535 kopi
GRY 4278 kopi
GRY 4219 kopi
GRY 4087 kopi
GRY 4000 kopi
GRY 3987 kopi