Nyheter  Torsdag 30. november 2023

Jazzlogen får fylkeskulturprisen 2023

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune informerer i en pressemelding om at fylkeskulturprisen for 2023 går til Jazzlogen. - Prisvinnarane har gjort ein solid innsats for å rekruttere unge musikarar frå heile fylket og har blitt ein viktig del av Molde internasjonale jazzfestival.

Jazzlogen

Saka er viderepublisert fra mrfylke.no sine nettsider

Kultur- og folkehelseutvalet er svært stolte av å kunne gje prisen til Jazzlogen i 2023:

Jazzlogen har rekruttert unge frå jazz- og musikkmiljøet i Møre og Romsdal gjennom fleire tiår. Erfaringa dei får gjennom ei slik oppgåve, er viktig på mange måtar. At unge får vere med i eit slikt fellesskap er både inspirerande og utviklande, spesielt sidan dei lærer seg å spele «på øret», altså at dei lærer seg å spele utan noter. Jazzlogen er også viktig for Molde internasjonale jazzfestival, og eit flott tilskot til paraden som går gjennom byen kvar dag gjennom festivalen, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

25-årsjubileum

Jazzlogen har vore drifta av Molde Janitsjar i 25 år, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Molde Janitsjar, Ytre Suløens Jass-ensemble og Moldejazz.Bandet spelar for det meste New Orleans-musikk, både tradisjonell og moderne, og dei øver inn repertoaret i løpet av tre seminarhelger. Undervisningsmetoden som vert brukt av Ytre Suløens Jass-ensemble vert kalla for gehørspill.Bandet har 50-70 medlemmar frå heile fylket i alderen 14-20 år.

Delt ut i over femti år

Fylkeskulturprisen vert delt av kultur- og folkehelseutvalet. Den vart etablert for femti år sidan, i 1973, og har sidan den gongen blitt delt ut kvart år. I år kom det inn 55 nominasjonar til prisen.Utmerkinga skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket, og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime her og har sterk tilknyting til fylket. Han, ho eller dei skal vise evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege, ha talent og vise kreativitet og nyskaping.