Nyheter  Tirsdag 9. januar 2024

Webinar i søknadskriving 01. februar 2024

Korleis skrive ein god søknad? Ingebjørg Reinholdt deler tips og triks for å gjere det enklare, raskare, og med større sjanse for suksess. Vi går også gjennom kort om KOMP og Frifond kompetanse.

Ingebjørg Reinholdt vil halde eit 30 minutts webinar om søknadskriving kl 19.00, 01. februar 2024. Det er satt av 30 minutt til spørsmålsrunde etterpå.

Påmelding sendas til ingebjorg.reinholdt@musikk.no.

VTKN ynskjer å gi eit tilbod både til dei som er nye for søknadskriving, og dei som ynskjer seg påfyll for å gjere sin søkeprosess enklare. Ho vil først ha ein 20 minutts gjennomgang av hennar beste tips og triks. Dei siste 10 minutta blir ein gjennomgang av relevante støtteordningar med fokus på KOMP og Frifond kompetanse. Frå kl 19.30 - 20.00 er det opent for spørsmål for dei som ynskjer det.

Ingebjørg har mange års erfaring med å søke støtte til både kurs og musikkprosjekt som folkemusikar og arrangør, og jobbar med søknadsveiledning og medlemsinfo i Vestfold og Telemark Kulturnettverk.

Har du ein tanke om kva ditt lag (eller du) har lyst å få til av prosjekt iløpet av 2023? Ta tanken med, så kan du stille spørsmål om det spesifikt. Sjekk gjerne også ut ev. søknadskjema til ordningane du kan tenke deg å søke på, så du veit kva du lurar på. Men du vil uansett få nytte av kurset, og ingen spørsmål er dumme.

Kurset er for direkte og indirekte medlem av Vestfold og Telemark Kulturnettverk. Er du usikker på om ditt lag er medlem, ta kontakt!

Eller sjekk ut medlemslista:

Medlemsliste Vestfold og Telemark Kulturnettverk

Webinar sokbnadskriving