Ledig stilling som dagleg leiar i Telemark kulturnettverk

Telemark kulturnettverk er eit fylkesledd av Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund og er eit samarbeids- og serviceorgan for musikk- og kulturlivet i fylket.

Telemark kulturnettverk søkjer ny dagleg leiar i 80% stilling. Vi søkjer etter ein sjølvstendig, handlekraftig og kunnskapsrik leiar som er opptatt av å utvikle musikk- og kulturlivet i Telemark.


Telemark folkemusikksenter

Telemark folkemusikksenter er etablert!
Kompetansesenter for folkemusikk, som del av det rytmiske kompetansenettverket, er no formelt etablert som eigen organisasjon. Stiftarane er Telemarkfestivalen, Telemark folkemusikklag, Folkemusikkarkivet i Telemark og Telemark kulturnettverk. Senteret er ein del av dei regionale rytmiske sentra som er etablert og under planlegging rundt om i landet. Bømiljøet har fått ansvar for å utvikle eit kompetansesenter for sjangeren folkemusikk og etter eit års interrimsperiode vart ein formell organisasjon stifta i 2015. Senteret skal mellom anna drive med produksjon og formidling av folkemusikk og -dans, støtte dei frivillige aktivitetane og vere med å utvikle sektoren både fagleg og organisatorisk. Andre regionale aktørar på folkemusikkfeltet i Telemark og Agder er velkomne til å gå inn som medlemer.

Norsjø kammermusikkfest

er ein kammermusikkfestival på eit nasjonalt nivå for talentfulle musikkstudentar. Festivalen har ein tydeleg ungdomsprofil både når det gjeld utøvarar og musikalsk leiing. Første festivalen vart gjennomført i slutten av april 2014.
TKN har vedtatt å vere med å stifte, delta i styre og drift samt vere aktivt med å utvikle festivalen.

Nettsidene til Norsjø kammermusikkfest.

Prosjekt

Telemark kulturnettverk er driftsansvarleg for folkemusikkarkivet i Telemark.
Frå 1998 har kulturnettverket vært praktisk ansvarleg for Ungdommens kulturmønstring etter avtale med fylkeskommunen.
Mange gode samarbeidsprosjekt er òg gjennomført med kulturnettverket i prosjektleiingsposisjon.

Folkemusikkarkivet i Telemark

TKN er driftsnsvarlig for Folkemusikkarkivet i Telemark, og Telemark fylkeskommune har personalansvaret for arkivleiaren.


Samarbeidssprosjekt
Ungfolk

Tilskot

Telemark kulturnettverk fordeler vaksenopplæringstilskot, og gjev veiledning i andre tilskotsordningar.

Vaksenopplæringstilskot

Telemark kulturnettverk er sakshandsamer for tilskot til vaksenopplæring i musikklivet, og hjelper også medlemmene med å søke om tilskudd.

FRIFOND musikk

Telemark kulturnettverk bistår uorganiserte musikkgrupper med ungdom å søke om Frifond-tilskudd.

Musikkutstyrsordninga

Musikkutstyrsordninga (MUO) er ein samanslåing av Musikkverkstadordninga (MVO) og NorgesNettet (NN) i tråd med stortingsmelding nr. 21 (2007-2008) "Samspill - et løft for rytmisk musikk" og Stortingets handsaming av denne. Musikkutstyrsordninga blei stifta hausten 2008.

KOMP

er en støtteordning for kurs, opplæringsprosjekt og andre kompetansehevende tiltak.

Momskompensasjonsordninga

Regionale og lokale ledd av Norsk musikkråd kan søke via Norsk musikkråd.