Nyheter  Mandag 4. april 2022

UKM Viken møtes på Ål - påmelding åpen

Er du ungdom i Viken og likar å opptre, vere arrangør, lage film eller anna? 22.-24. april 2022 kan du vere med på UKM-camp på Ål.

UKM

Du kan melde deg på med innslag på scena med musikk, dans, teater, standup, performance, litteraturopplesing eller kva du måtte ynskje å opptre med. Driv du med film, kan du også sende inn filmen din/dykkar. Vil du vere med som arrangør i ein gjeng som jobbar med avvikling, aktivitetar og alt anna rundt eit arrangement? Meld deg på!

NB: Me har begrensa med plassar, så her gjeld det å vere tidleg ute med å melde seg på. Du får beskjed seinast 12.april om du får plass. Påmeldingsfrist er 10. april. Les meir om UKM-helga nedanfor. Meld deg på HER!

Opplegg for helga – Ål is love
Campen startar fredag ettermiddag og varar til sundag ettermiddag. Det blir overnatting i klasserom på skule. Det er gratis å delta, men det er bindande påmelding: det vil si at det kostar litt dersom du avlyser i siste liten utan gyldig grunn, les meir her. Det er også obligatorisk å vere til stede under hele campen.

Alle måltid er gratis for deltakarar. De har sjølve ansvar for å ordne transport fram og attende til Ål, men me i UKM Viken kan hjelpe til med dette. Campen er i hovudsak for unge mellom 15-20 år. Dei som ikkje har fylt 18 år må ha stadfesting frå føresette for å vere med. Det vil vere ansvarlege leiarar som passar på at alle har det bra heile helga.

Fredag blir det pizza, skravling og andre morosame aktivitetar. Kanskje blir det også open scene og filmfestival. Laurdag er det workshops med tema som for eksempel stage performance, sjakk, dans, sjølvforsvar, re-design og mykje meir. Sundag blir det førestillingar med alle sceneinnslag. Me gler oss!

Meld deg på HER!

Har du spørsmål?
Kontakt påmeldingsansvarleg Jonas Karlsen på epost: jonas.karlsen@musikk.no eller tlf 93433538

Arrangør er UKM Buskerud/Viken og Ål kommune/Ål kulturhus.