Nyheter  Mandag 16. oktober 2023

6.5 millionar for å inkludere fleire barn og unge til korps og orkester

Søndag lanserte kulturminister Lubna Jaffery (Ap) den nye tilskotsordninga for korps og orkester som skal bidra til auka deltaking i instrumentbaserte ensemble.

Representantar frå Norsk Musikkorps Forbund, Korpsnett, Norsk musikkråd saman med kulturminister Lubna Jaffery

Representantar frå Norsk Musikkorps Forbund, Korpsnett Norge, Norsk musikkråd saman med kulturminister Lubna Jaffery

Ordninga er blitt til som eit svar på innspel frå feltet i regjeringa sin kulturfrivilligheitsstrategi Rom for deltakelse 2023-2025. Det er Norsk musikkråd som skal forvalte tilskotet, og i tilskotsbrevet er det påpeikt at midla kan gå til«aktiviteter, egenandeler, kontingenter, nødvendig utstyr eller samarbeidsprosjekter i lokalsamfunnet».

– Eg trur lokale korps og orkester best veit kva som skal til for å nå ut til fleire. Difor gir vi organisasjonane moglegheit til å sjølv bestemme kor midlane skal brukast, seier kultur- og likestillingsministeren i pressemeldinga frå Kulturdepartementet.

Generalsekretær i Norsk musikkråd, Bjarne Dæhli påpeiker at ordninga kjem godt med:
– Vi ønskjer at alle skal få oppleve gleda av å læra seg eit instrument og spele saman med andre. No tenkjer regjeringa nytt om korleis vi kan få til akkurat det blant dei yngste. Behovet er vesentleg større enn løyvinga, men vi ser på dette som ein lovande start.

Prioriteringar for kven som skal motta tilskotet blir avgjort i samarbeid mellom Norsk musikkråd, korps- og orkesterorganisasjonane og musikkråda i fylka. Midla skal gå til aktivitetar i og mellom lokale lag for å kunne inkludere fleire barn og unge i skulealder.

Midla vil gi tilskot til aktivitetar til og med semesterstart 2024, og ordninga er venta å vere klar i løpet av hausten.

Representantar frå Norsk musikkråd, De Unges Orkesterforbund, Korpsnett Norge og Norsk Musikkorps Forbund møtte kulturminister Lubna Jaffery på Gamle Munch i samband med lanseringa av den nye tilskotsordninga.

"Speeddating" med kulturministeren

"Speeddating" med kulturministeren

Gjennom «speed-datinga» med ministeren, fekk også organisasjonane moglegheit til å fortelje om aktiviteten sin, og kome med konkrete innspel i det vidare arbeidet til departementet. Viktige erfaringar frå inkludering og rekrutteringsarbeid, samt behovet for støtte til instrument gjennom eit styrka instrumentfond gjekk igjen.

Jaffery noterte flittig og avslutta med at ho gjerne ville bli invitert til vidare samtalar med organisasjonane.

Styreleiar i Norsk musikkråd, Bjørgulv Vinje Borgundvaag, kom mellom anna med ei oppmoding om at kulturministeren burde ta med kravet til kommunane om kulturplan i arbeidet med handlingsplanen for deltaking.

Etter møtet fekk Jaffrey lytte til resultatet frå UNOF sitt haustseminar på Gamle Munch. Mellom anna norsk folkemusikk i orkester med, indisk ragatradisjon med instruktør Harpreet Bansal og levande tolkingar av Bartok.

Orkesteret i full sving

Ungdomsorkester i full sving på Gamle Munch

– Her fekk kulturministeren med eigne auge og øyrer oppleve kva som kan kome ut av barne og ungdomsarbeid i orkester, seier Dæhli.

Les pressemeldinga frå Kulturdepartementet her: https://www.regjeringen.no/no/...

Tekst og foto: Torkjell Hovland